 |
|
Oslo
26.10.05
Vi går i dialog med nok et nytt norsk og særdeles spennende band. Mistur heter de, og stammer fra de dype fjorder i Sogn og Fjordane. Melodisk folketoneinspirert blackmetal er hovedessensen, og debutdemoen "Skoddefjellet" er et verk de med sansen for Windir og gammal Dimmu/Old Man’s Child burde skaffe seg.
Det er mannen bak deler av renvokalen og gitarene, André Runhaug, som står for snakkingen.
Hei Andre. Jeg har prøvd å gjøre litt research i forkant av dette intervjuet, men det er sannelig ikke lett å finne info om dere. Hvorfor dette hemmelighetskremmeriet? Er dette et band som ønsker å forbli i undergrunnen eller er det jeg som har leitet på feil sted?
"Vel, me har ikkje akkurat gjort så mykje sjølv for å bli tilgjengelege for allmennheita. Me lagde ein demo, gav mange av eksemplara til bekjente og andre som ville ha, samt sende nokre til plateselskap og magasin. Etter at me fekk ein god tilbakemelding av
Nørsterud
på demosidene i
Scream Magazine
i september fekk me nokre henvendingar frå folk som ville ha den. Til saman er det vel i overkant av 100 demoar i sirkulasjon no.
Me skjønte fort at me måtte gjere noko for å prøva å bli meir tilgjengelege og me lagde då ei heimeside. Frå no av er det difor mogeleg å finna informasjon om oss på internett. Du har ikkje leita på feil stad Einar, du har leita etter noko som det ikkje var råd å finna. =)"
Dere er nytt bekjentskap for de fleste, så hvem er dere egentlig? Gir du oss litt om historien bak Mistur og info om medlemmenes musikalske fortid?
"For å ta det heilt frå byrjinga... Me er i utgongspunktet to karar frå
Kaupanger i Sogndal kommune
på flotte vestlandet,
André Raunehaug
og
Espen Bakketeig.
Me har vore kameratar sidan barndommen og kjenner kvarandre særs godt musikalsk. Me har dreve med musikk i alle år, men det er i seinare tid at me byrja komponera metal. Det vil seia rundt 2002. All musikk som gir oss noko, det vera seg metal, pop, klassisk, folketonar eller viser, høyrer me på. Men det bør helst vere litt moll og litt dyster stemning inne i bilete. Resultatet av all musikk me likar vart igrunn Mistur. Eit musikalsk innslag som på mange måtar representerar musikk slik me likar det. På vokal fekk me med oss
Odne
frå bandet
Sigtyr
frå
Vik i Sogn.
Og på lyrikk fekk me med oss ein annan kauping som kallar seg for
Ljaoskald.
Han hjalp oss me å få ned dei lyriske ideane våre på papiret. Det var ein kort innføring i historia til
Mistur."
Hvem har påtatt seg sjefsrollen i Mistur? Noen spesiell som er mer aktive en andre når det kommer til komponering og pågangsvilje?
"Ingen har påteke seg sjefsrollen i
Mistur.
Musikken er i hovudsak komponert 50/50 av
E.Bakketeig
og
A.Raunehaug.
Me er på mange måtar like i musikken me lagar. Låta
"Skoddefjellet"
er faktisk eit resultat av parti me laga kvar for oss nokre år i føreveg før me i heileteke hadde tenkt å gjera eit metalprosjekt. Me satte oss ned i lag og spelte partia for kvarandre og fann ut at dei passa saman. Då bestemte me oss for å oppretta eit band som seinare vart kalla
Mistur.
Pågangsviljen er på plass. Ein kjem ikkje langt idag viss ikkje ein står på sjølv."
Hva er motivasjonen bak bandet?
"Motivasjonen bak bandet er trua på det me driv med, samt tilbakemeldingane me har fått heilt frå byrjinga. Utan dei lovorda som har kome undervegs hadde det ikkje vore heilt det same å halda fram med
Mistur
prosjektet. Det må seiast at me er godt nøgd med dei tilbakemeldingane me har fått."
Demoen ”Skoddefjellet” falt virkelig i smak her i gården. Originaliteten og deler av lydbildet (programmerte trommer) var kanskje ikke helt på topp, men resultatet var da meget tilfredsstillende likevel. Litt gammal Dimmu Borgir/Old Man’s Child blandet med Windir, eller hvor i sjangerhavet vil du plassere dere?
"Me likar eigentleg ikkje å plassere verken oss eller andre band i båtar i dette sjangerhavet som i dag er vorte altfor viktig for mange. Det er vorte altfor mange sjangrar utan at mange eigentleg veit kva som skil dei. Men me kan ikkje legga skjul på at alle banda du nemte har inspirert oss. Dei er alle band me likar og har høyrt mykje på. Det viktigaste med musikk er at ein likar det ein høyrer uansett kva det måtte minne ein om. Og det må sjølvsagt seiast at musikk ein lagar sjølv er eit resultat av kva ein likar. Ein må berre prøve å lage ein setting og eit eige preg på det. Ting dreiar seg i hovudsak om å laga noko ein likar sjølv, og det har me gjort. Deretter er det ein bonus dersom andre og likar det."
Jeg vil dra frem Windir igjen, siden de tydeligvis har hatt en ganske stor påvirkningskraft på dere. Hvem mener dere har påvirket/inspirert dere mest?
"Windir
er nok ein av inspirasjonskjeldene våre ja. Me er tross alt frå Sogndal kommune og har fulgt Windir opp igjennom åra.
Espen Bakketeig
er forøvrig bror til
Strom
i
Windir.
Me har eit nært forhold til dei. Ellers er det igrunn mange band som inspirerar oss...
Dimmu, Old Man's
og
Satyricon
for å nemna dei største. Slik som mange andre høyrer også me på dei største banda me har her i Noreg. Ellers er me særs inspirert av folketonar og ein del klassiske verk. Ein del av folketonane er noko som faktisk rører oss begge. Dei er dystre og vakre. Folketonar og klassisk musikk er vel igrunn fundamentet til mykje av dagens metal, for ikkje å seia musikk generelt."
Jeg faller fullstendig for gitarene og vokalen der har. Hva er dere mest fornøyd med på Skoddefjellet?
"Sjølve musikken me har laga er me mest nøgd med. Men gitarlyden og vokalen vart jævla bra! Ein stor takk til
Odne
for fenomenal innsats. Gitarlyden vart forøvrig spelt inn med
Strom
sin forsterkar som gav leadlyden på
Likferd
plata til
Windir.
Med mykje skruing på den og ein god kondensator-mic klarte me å få bra lyd på gitaren. Ellers likar me igrunn songtitlane. Urnorsk som
Nørsteruden
seier..."
Da må vi også spørre om hva dere er minst fornøyd med...?
"Lyden av trommemaskina. Me skulle sjølvsagt ha spelt inn trommene på ekte vis, men det krever mykje jobb, godt utstyr og ein jævla god lydteknikkar. Dersom me får mogelegheita til å gå i studio skal me nok få med oss ein god trommis og spele inn skikkelege trommer!"
Det står på coveret at Amla Metal Studio ble benyttet til innspillingen. Hvordan er situasjonen der?
"Amla Metal Studio
som me har kalt det, finn stad i ei hytte på Bakketeig gard innst i Amla i Kaupanger. Der har Espen ein 24-spors opptakar som me har nytta til innspeling av demoen, der me har gjort alt sjølv. Amlabukti i Kaupanger er ein fantastisk stad som alle burde vitja. Der kan me sitta i fred å ro, nyta synet av sognefjorden og drikka og spela metal. Den komande demoen til
Cor Scorpii
er forøvrig delvis spelt inn i Amla Metal Studio. Men den vert ikkje miksa der. Nytt Mistur materiale vert i første omgang og spelt inn i Amla."
Hvordan har etterspørselen/tilbakemeldingene vært ellers? Fått svar fra selskaper eller liknende?
"Me har framleis ikkje fått noko tilbakemelding frå plateselskap. Men me har ikkje gjeve opp håpet endå. Lokalt, dvs. alle bekjente av oss og ellers folk i nærmiljøet som har fått fatt på demoen har gjeve oss særs gode tilbakemeldingar. Som nemt tidlegare fekk me ein del henvendingar frå folk etter ein god demoanemelding av
Nørsteruden i Scream Magazine.
Me ventar framleis på anmeldingar på nokre metal sider på internett. Så langt har anmeldingane vore bra, me får berre håpe at det held fram slik."
Hvorfor burde folk skaffe seg demoen deres og ikke bare avvise dere som ”nok et unødvendig blackmetal band”?
"Me vel å lata musikken tala for seg sjølv. Dei som føler for det får skaffa seg demoen og høyra på det."
Hvilke planer har dere for å nå planlagte mål dere eventuelt måtte ha satt dere?
"Me køyrer på vidare. Me sender demoar til dei som tingar hjå oss og sender til plateselskap me kjem over som virkar interessante. Me håpar det skjer noko framover. For tida driv me med nytt Mistur materiale. Me vil halda fram med å komponera musikk uansett om det blir platekontrakt eller ikkje. Me lagar musikk først og fremst fordi me tykkjer me har noko bra på gang. Viktigast av alt, me trivst med det me driv med."
I og med at dere bruker trommemaskin så kan man jo lure på hvordan det går med rekrutteringen av en full line-up?
"Me har folk i bakhand slik at me kan stilla ein full line-up viss me vil. Me får sjå kva som skjer framover. Men ting fungerar bra slik stoda er no. Men det er klart at blir det noko platekontrakt på oss, må me nok setja oss ned å tenka gjennom ein eventuell framtidig line-up."
Når hører vi fra Mistur igjen?
"Du høyrer nok frå oss dersom det skulle dukka opp ein platekontrakt."
Siste ord går til dere. Fyr løs!
"Mistur e best!"
|
|
|
|
 |
|
|
Kommentarer
Ingen kommentarer til nå...
|
|
 |