 |
|
Sogndal
03.10.2009
Sognametall
bandet Mistur er for tiden aktuell med debutplaten Attende på Einheiten Produktionen. Mistur er bandet for deg som digger Windir og Cor Scorpii. Stemningsfullt, mektig, overveldende, fengslende og rørende er alle adjektiver som uten tvil kan assosieres med Attende. Smell opp
MySpace
siden deres i en ny tabularter i nettleseren din mens du leser dette intervjuet. Tonene til den geniale låta Armod er perfekt bakgrunnsmusikk for en sliten arbeider etter en lang dag på jobben...
Sørg også for å lese 10/10 anmeldelsen
her
dersom du ikke har fått den med deg enda. Rytmegitarist André Raunehaug tar deg med på en liten rundtur i Misturunviverset.
Jeg tipper vi kan starte med å ta et lite tilbakesteg til 2005 og reflektere litt rundt demoen Skoddefjellet. Hvordan vil du sammenligne det ferdige materialet på Attende med demosangene fra 2005?
"Me køyrer ein stil som også attspeglar seg godt på
Attende.
Me har og med ei nyinnspeling av tittelsporet
Skoddefjellet
frå demoen, med litt raskare tempo. Stilmessig har me nok utvikla oss ein del. Me har henta inspirasjon ifrå fleire hold og har eit breiare spekter i låtane. Me har og vorte meir rutinerte når det kjem til komposisjonar. Det trur eg er ganske merkbart for dei som kjenner demoen godt.
Attende
er ei vidareutvikling frå demoen, men inneheld og fleire impulsar og kombinerar element frå ulike sjangrar innanfor metal."
Windir assosiasjoene er ikke til å unngå. Plager denne åpenbare sammenligningen med Windir fra fansen og media dere?
"Det er vel ei æra å verta samanlikna med eit fantastisk band som
Windir
?
(Absolutt!! -Rk)
Mistur
spelar ein metal-stil som på mange måtar kan samanliknast med stilarten til
Windir
. Mykje av musikken vert basert på melodiar og stemningar. Gode akkordsamansetjingar er ein viktig del av vår greie. Me er frå same stad og har opplevd
Windir
på kloss hald, me har ein felles og karakteristisk lead-gitarist, og samstundes ein vokalist som kan ha visse fellestrekk med
Terje
Valfar
Bakken.
Eg trur nettopp vokalen kan vera ein sentral grunn til media si vinkling mot
Windir.
Mistur
kunne ikkje hatt nokon vokalist som ville ha passa materialet betre enn
Odne.
Personleg meinar eg at me har mange element i musikken som ikkje er typisk
Windir.
Windir
har eit valdsamt særpreg i musikken, særskilt med tanke på
Valfar
sin eksperimentering med gamle folketonar og salmar. Han gjorde dette på ein fenomenal måte som ingen ville klart å gjort likeins. Me kan forstå at media vel å vinkle vår musikkstil mot
Windir
og andre band i same gata, men som nemnt i førre spørsmål har me utvikla oss med
Attende
og går og i andre retningar. Det vil me og halda fram med å gjera med nye låtar framover.
Me har laga den musikken me er komfortable med og resultatet vart
Attende.
Me går ikkje inn for å laga musikk som liknar på
Windir."
Personlig mener jeg at
Attende
er noe av det beste jeg har hørt innen folk/ekstrem metall. Jeg registrerer at også utenlandsk presse har kommet med lovprisinger. Tipper det er veldig motiverende for et band fra et lite sted som Sogndal, eller hva?
"Det er klart at lovord frå både utland og innland er motiverande. Det er noko av det som driv oss til å halda fram med
Mistur.
Me fekk jo veldig god respons på demoen som då eigentleg var eit metalprosjekt som skulle ut i det vetle miljøet me har i Sogndal og omkring. Når me såg interesse frå andre hold forstod med fort at me måtte gjere oss meir tilgjengelege og bygga vidare. Slik har
Mistur
vorte det det er i dag. Det er kjekt at du likar plata vår. Det set me pris på. I høve til tilbakemeldingar både på demoen og
Attende,
har eg inntrykk av at namnet
Mistur
er meir utbreitt enn eg sjølv er klar over, og då spesielt i utlandet. Noko som er særs positivt."
Hvilke favoritter har dere på skiva? Jeg synes Armod skilte seg ut med lead synth og kul akustisk gitar. Tittelsporet er jo også et kapittel for seg selv….
"Eg er kanskje litt einig med deg at
Armod
er ei av dei meir catchy låtar. Alle medlemmane i
Mistur
har sikkert sin eigen favoritt. Personleg held eg kanskje ein knapp på tittelsporet som krona på verket."
Finnes det noe som dere er mindre fornøyd med på Attende? Meg personlig kommer sjelden over så helstøpte produkt som Attende er…
"Materialet har vore jobba med over lang tid og sluttresultatet vart bra. Me er særs nøgde med
Attende.
Med hard jobbing og nøye planlegging vert det bra veit du."
Definitivt, men ikke la det gå 4 år til neste utgivelse! ;-).
Tekstmessig ser jeg at dere er påvirket av nordisk mytologi, om store slag mellom vikinger og de første kristne osv. Du åpner ballet med mektig tekst om
Slaget.
Men deretter er det utenforstående skribenter som tar for seg resten av tekstene på albumet. Hvorfor denne vinklingen og kan du fortelle litt om lyrikerne Ivar og Helle?
"Me nordmenn er vel av natur litt interesserte i våre forgjengarar. Det er alltid interessant å skrive om og studere korleis folk for mange hundre år sidan kjempa for trua si. Eg tykkjer dette emnet kombinert med musikken vår gjev den perfekte stemning. Då vi i kretsen vår har dyktige skribentar som
Ivar
og
Helle,
så overlet me enkelt og greitt mykje til dei.
Helle
er dama til
Espen
og
Ivar
er ein kamerat ifrå Kaupanger, heimbygda vår. Begge to er flinke til å skriva stemningsfulle tekstar som passar musikken. Kan godt vere dei også blir med vidare når meir materiale skal spelast inn."
Føler du deg motivert til å skrive flere tekster for fremtidige Mistur album?
"Det er godt mogeleg eg og vil halde fram med å skrive tekst til framtidig materiale."
Du har min fulle støtte i allefall, om det betyr noe.
Produksjonen på Attende er storslått og passer musikken deres perfekt. I og med at Thorbjørn Akkerhaugen har produsert Windir før visste han vel akkurat hva dere var på utkikk etter, eller hva? Hvordan vil du beskrive samarbeidet med Thorbjørn og
mastering-guruen
Peter In De Betou?
"Me valde
Thorbjørn Akkerhaugen
fordi me veit han har laga gode produksjonar tidlegare. Me var i Akkerhaugen i 14 dagar og me skapte eit tøft lydbilete. Samarbeidet fungerte veldig bra. Under innspeling og miks kjem også han med gode innspel og formeining om kva lydbilete som passar materialet best.
Espen
som er flink med lyd har også klåre tankar om korleis ting skal låta når han komponerar musikk og han var nok ein sentral person i miksinga av plata. Det var to fantastiske og knallharde veker som me gjerne gjer til att så snøgt som mogeleg! Den stegvise prosessen med forminga av
Attende
var ein givande og artig erfaring. Masteringsprosessen bestod av ein kort samtale med
Peter
og oversending av materiale. Deretter kom det attende ei plate i posten som lèt jekla bra."
(Understatement of the year! ;-) - Rk).
For Attende hadde Mistur også et storstilt samarbeid på kunstfronten. Jeg er stor fan av oljemalerikunsten til
Kris Verwimp.
Hadde dere pekt ut Kris på forhånd eller var samarbeidet et resultat av ren tilfeldighet?
"Me kom i kontakt med
Kris Verwimp
for mange år sidan. Trur det var attende i 2005. Han la merke til demoen vår og kontakta sin kamerat i
Metalmessage.
Markus Eck.
Markus fekk oss deretter med på ei samleplate i Tyskland. Det var i denne samanheng at eg vart oppmerksam på Kris og tok kontakt med han. Spurte han då enkelt og greitt om han ville gjere eit cover for oss, dog på ei plate som skulle komme ut mange år i ettertid. Dette var han interessert i, då han lika musikken vår særs godt. Me gav han eit bilete teke i heimbygda vår Kaupanger, like utanfor Sogndal, og gav instruksar på korleis me ville ha måleriet og stemninga. Deretter tok det ikkje lange tida før han hadde eit komplett oljemåleri klart. Dette er eit av dei få prosjekta han har brukt oljemåling. Me er svært nøgde med kunsten hans. Mange takk til Kris for jobben han gjorde der. Jobben han har gjort har gjeve
Attende
eit unikt preg."
Ole
Vargon
Nordsve gjør en imponerende jobb på trommer på albumet. Men jeg registrerer at dere har en ny trommis nå, Kenneth Mellum. Hva gjør Ole på nå og hvordan vil du introdusere Kenneth?
"Ole
spelar i
Cor Scorpii.
Av ulike årsaker måtte me få inn ein ny trommis i forkant av plateinnspeling i september i fjor. I og med at me kjenner godt til karane i
Cor Scorpii
endte det med at me spurte
Ole.
Han gav seg ut på prosjektet og leverte veldig bra, til trass for kort tid til førebuing. I ettertid kom me over
Kenneth Mellum
som er ein kamerat av
Ole.
Etter nokre prøvespelingar vart han tilsett som fast medlem i
Mistur.
I dag har me ein sterk lineup til framtidige spelingar."
Er det slik at du André og Espen utelukkende står for låtsnekringen? Jeg synes at Stian har en veldig identifiserbar spillestil og synes det er litt rart at han ikke er kreditert for det musikalske verken i Windir, Cor Scorpii eller Mistur.
"Det er
Espen
og eg som står for låtskrivinga per dags dato. På lik linje med dei andre medlemmane har og Stian moglegheit til å kome med innspel. Og dei fleste gitarsoloar på plata er det Stian som komponerar. Utover det kjem han også med diverse smådetaljar her og der, men han skriv ingen av låtene. Det har han vel ikkje gjort, korkje i
Cor Scorpii
eller
Windir,
men han har nok sett eit markant preg på lead-gitaren og soloane der og. Det føles bra å ha med eit medlem med ein sopass unik, dyktig og karakteristisk spelestil."
(Jeg elsker spillestilen din Stian!! - Rk)
Føler Mistur de har et godt apparat i ryggen med Einheit Produktionen?
"Mistur
har eit samarbeid med
Einheit Produktionen
i Tyskland, der
Einheit
og
Soulfood Music Distribution
er våre hovuddistributørar.
Einheit
har gjort ein framifrå jobb med promoteringa så langt. Me har også andre avtalar som gjer musikken vår tilgjengeleg på digitale butikkar som
iTunes
osv. Før me enda på
Einheit
var me i dialog med fleire norske og utanlandske selskap som synte interesse. Når me ser stoda i dag er me nøgde med at me gjekk for
Einheit,
spesielt i høve til at det er eit tysk selskap som gir oss ein god kanal direkte inn i den tyske og europeiske marknaden. Norge har ein liten metal-marknad i høve til utlandet, dette er vel noko alle som driv med metal veit om."
Fremtidsplaner og nåværende besetning stabil?
"Me har ein god lineup i dag, som resultat av ein del utskiftningar gjennom åra. Med dagens lineup håpar me å få gjort ein del konsertar framover. Eg trur
Einheit
vil vera ein viktig samarbeidspartner i høve til spelingar i utlandet, særskildt Tyskland."
Avslutningsvis vil jeg takke for innsatsen og håper at dette IKKE er det siste vi hører fra Mistur. Ordet er deres.
"Det er hyggeleg at du likar plata vår. Me er sjølv nøgde med sluttresultatet og håpar dette vil slå an. Responsen så langt har vore fantastiske. Me satsa på å få gjort ein del konsertar no i etterkant av plata, så kanskje me snakkast på vegen ein eller annan stad?!"
|
|
|
|
 |
|
|
Kommentarer
Ingen kommentarer til nå...
|
|
 |